Humler er berre ein av millionar av artar som nyt godt av plantesukker skapt gjennom fotosyntesen

Ingen kan leve åleine i verda

Eg bur i indrefileten av Norge, Indre Sogn, med dei høgaste fjella og den mest majestetiske fjorden. Eg har noko vakkert å sjå utover kvar dag. Men utan dyr og planter blir også dette landskapet tomt og kaldt.

I desse dagar underviser eg studentar i grunnleggande økologi. Etter beste evne prøver eg å nå ut til dei gjennom skjermen, ved å strøyme førelesing frå heimekontoret, undervisningssektoren sin koronatilpassing. Eg syner dei lysbilde og fortel anekdotar frå naturens utømmelege bibliotek for å sprite opp stoffet i den amerikanske læreboka. Ikkje alltid godt å vite om eg lukkast, men eg lever i håpet.

I faget lærer eg studentane ein del økologiske grunnprinsipp som dei kan ta med seg vidare for å forstå verda og den levande naturen rundt seg. Kanskje kan dei til og med bruke nokre prinsipp når dei kjem ut i arbeidslivet. Eit av prinsippa er at ingen kan leve åleine på jorda. Det høyrest kanskje ikkje så presist eller vitskapleg ut – men det er likevel ei essensiell sanning.

Genial og livsviktig

Fotosyntesen står sentralt i alt liv. Men kva gjer den eigentleg? Jo, denne geniale prosessen brukar vatn og karbondioksid pluss sollys til å skape sukker. Den skapar altså noko organisk frå noko som er uorganisk, og dette sukkeret er noko alle organismar treng for å leve. I første omgang blir denne energien, saman med andre næringstoff, til planteliv. Deretter kan dyr, sopp, bakteriar og andre dra nytte av planteenergien. Vi menneske høyrer til i dyreriket. Vi har ikkje fotosyntese eller liknande fornybare oppskrifter for energiproduksjon, og er dermed fullstendig avhengige av at fotosyntesen omdannar energi for oss. Som (dei andre) dyra må vi ete noko eller nokon som lever.

Utilgjengeleg sukker

Men sjølv om plantene hentar inn energi frå sola til oss, og andre her på kloden, så kan vi jo ikkje ete særleg mykje gras eller buskas. Det meste av plantesukkeret i naturen er utilgjengeleg for oss fordi plantar lagrar fotosynteseenergien i kompliserte karbohydratmolekyl i røter, stammar, skot og blad, dei fleste kan vi ikkje fordøye direkte. Vi har lært oss å bruke nokre fåtal av desse vekstane, og lært oss både å avle og kokkelere for å få tak i nok energi. Men mange av desse plantedelane kan vi altså stort sett ikkje bryte ned, med våre mageenzym og tarmflora, til den forma for energi vi kan leve på. Men vi menneske er heldige. Sidan vi ikkje er åleine i verda, kan vi nyte godt av andre sine evner.

Fotosyntesen omdannar ca. 1 % av solenergien til plantemateriale. Omlag 10 % av dette kan vera tilgjengleg for neste ledd, dei som er planteetarar, og så er ca. 10% av dette att tilgjengeleg for neste ledd, kjøtetarane.

Den smarte beitinga

Plantene tek 1% av solenergien og lagar han om til plantemateriale gjennom fotosyntesen. Men dei vernar sukkeret bak fysisk og kjemisk forsvar og kompliserte molekyl. Difor er verda enno grøn.

Men mange beitedyr, frå insekt til elefantar, tjafsar på fotosynteseprodukt kvar dag. Drøvtyggarane, slik som hjort, sau og kyr, har funne ei heilt spesielt oppskrift for å sikre nok energi til seg og sine. Dei har fire magar og ein svært avansert samarbeid med bakteriane.

Dette samarbeidet løyser opp kompliserte karbonprodukt, store sukkermolekyl, frå fotosyntesen, mykje betre enn vårt og andre dyr sitt fordøyingssystem kan klare. Dette avanserte tarmsystemet får frigjort sukkeret, og alt det andre dei treng for å leve. Medan vi menneske er avgrensa til å dyrke maten vår på isolerte småflekkar, kan drøvtyggarane bruke heile landskapet som matfat.

Kjøt og snadder

Beiting gir moglegheiter for oss også. Vi kan nemleg noko plantene og beitedyra ikkje kan: vi kan ete kjøt! Kjøt er utmerka på den måten at det har same næringssamansetning som oss sjølve. Spesielt er kjøt rikt på nitrogen i form av muskelprotein som vi treng for å bygge eigne musklar og bindevev.

Men vi kan ikkje berre ete kjøt. Vi må ha plantemateriale i dietten vår for å dekke breidda i næringsstoff og vitamin kroppen treng. Ris og korn og slikt vi har avla fram, dyrkar vi stort sett greitt på åkrar rundt i verda. Men vi treng meir, slik som eple, kaffi, blåbær og anna næringsrikt snadder for å overleve, både fysisk og mentalt.

Nektar gir frukt

Sidan vi altså ikkje er åleine i verda, kan vi også nyte godt av at ein del planter – som frukttre, kaffibuskar og bærplanter – brukar litt av fotosyntesesukkeret til å lage nektar. Søtt, klissete nektar er nydeleg føde for insekt og andre som fraktar pollen hit og dit. Insekta besøker blomstrane, drassar med seg litt pollen på vegen, får løn i form av nektar, og kanskje litt pollen, og summar sin veg. Tilbake er kimen til frø og frukt, mange av dei slike vi kan ete og nyte. Blant dei viktigaste for å gi meining til livet, vil mange hevde!

Raudkløver er eit lite mirakel av ei plante. Den binder karbon og skaper sukker gjennom fotosyntesen, henter nitrogen frå lufta ved hjelp av bakterier, og er god mat for humler og for beitedyr. Og for oss!

Vi treng kvarandre

Om morgonen, før familien vaknar, tek eg ofte ein kaffikopp. Det er mykje å tenke på i desse tider. Medan eg ser ut på landskapet, får eg gjerne auge på ein flokk hjort som beitar på bøen ved skogbrynet. Tek eg ein rusletur bortom fjøsen, snakkar eg gjerne litt med sauene som et på graset vi hausta i fjor. Er det sommar, ser eg gjerne humler, sommarfuglar og fluger som svirrar frå blomster til blomster i hagen eller blomsterenga.

I slike augeblikk kjenner eg tydeleg at vi ikkje er åleine i verda. Vi er alle avhengige av andre, spesielt andre artar – både dyr og plantar. Eg blir takknemleg. Eg lever...ikkje åleine i verda!

Powered by Labrador CMS