Denne kongen og hans dronning er tilbake. Dei tek gjerne eit gnafs av grasenga.

Har vi eigentleg for mange hjortedyr?

Det blir stadig færre dyr her på jorda. Her heime klagar likevel bønder og skogeigarar over for mange hjortedyr. Korleis heng dette saman?

Det er dessverre langt mellom dei gode nyheitene for det biologiske mangfaldet for tida. Berre sidan eg vart fødd, har bestandane av pattedyr i verda gått ned med nesten 70 prosent melder WWF i sin nye Living Planet Report. I tillegg har Naturpanelet vurdert at omlag ein million artar står på randen av utrydding. Naturtoppmøtet i Canada drøfter nett no korleis ein skal unngå økologisk kollaps på kloden.

Heldigvis er det også gode historiar og unntak frå regelen: I norske skogar lever nemleg trioen elg, hjort og rådyr som alle har hatt ein formidabel framgang i Noreg dei siste hundre åra. Saman med villsvinet er desse store beitedyra ein del av ein europeisk «mottrend» med framgang i ei tid der mange dyreslag går kraftig tilbake.

Nesten utrydda

Visste du at hjorten nesten var borte frå norsk natur for hundre år sidan, og at rådyret faktisk var heilt utrydda? Berre ein og anna elg spankulerte gjennom skogane i aust. Det var også knapt med skog mange stader, og vi nordmenn hadde eit ekspansivt landbruk som tok i bruk heile landskapet. Klimaet var kjøligare, og viltforvaltning var fråverande. Totalt sett var det dårlege vilkår for store ville beitedyr i landet vårt, i det minste fram til midten av siste århundre.

Kongar og dronningars tilbakekomst

Elgen opplevde ei eventyrleg bestandsvekst som flata ut på 1990-talet. No ekspanderer den i nord, men tapar terreng i sør pga klimaendringar og arealinngrep.

At vi i dag ser meir til skogens kongar og dronningar, er altså ei suksesshistorie i ei heller grim tid. Etter kvart som naturforvaltninga kom på plass i Noreg, fekk vi lovverk om jakt. Jakt har opp gjennom historia vore ein av dei største truslane mot verdas dyrebestandar og fagfolk viste difor at jakta måtte regulerast strengt.

Denne reguleringa sette fart i bestandsveksten og førte til ei aller tiders forvilling der elg, hjort og rådyr har breia seg utover landet. No kan vi sjå hjort på bøen, rådyr i hagen og elg langs vegen i eit dalføre. Det var ikkje alle våre besteforeldre forunt.

Faktisk har ikkje alle artane nådd sitt fulle klimatiske potensial enno. Altså kan det enno blir fleire og meire. Det er kanskje fint å tenke på når, til dømes, bestandar av reinsdyr har tøffare tider? Deira utvikling er meir i tråd med den globale trenden.

Baksida av medaljen

Kanskje har det aldri før i historia vore fleire hjortedyr? Mange meiner det no til og med har blitt for mykje av det gode. Hjortedyra gnafsar nemleg i seg både gras og skogplanter, i tillegg til hageplantar og gravblomstrar.

Fruktbønder har for lengst måtte ta ekstrakostnaden med å gjerde inn sine hagar. I tillegg blir over 15 000 hjortedyr årleg påkøyrt i trafikken.

Hjorten finn mat og vinterplass ved lune norske fjordar, her ved Svanøy i Kinn kommune. Men kvifor er det så få hjort ved Oslofjorden. Kanskje fordi det er så mykje folk?

Skadeproblematikken definerer viltforvaltninga

Bondelaget har difor teke til orde for å halvere hjortebestanden på Vestlandet. Staten har dessutan fjerna ein heil bestand av reinsdyr på grunn av skrantesjuka, og mange kommunar har mål om å redusere bestanden av hjortedyr lokalt.

Miljøforvaltninga har til og med svartelista det vanlegaste av Europas ville beitedyr, villsvinet, i landet vårt.

Det kan verke som at forvillingsuksessen vi har opplevd dei siste tiåra er i ferd med å bli definert som eit samfunnsproblem. Kanskje er det skadeproblematikken i landbruk og samferdsel som no definerer retninga på vilt- og naturforvaltninga i Noreg?

Skeivforholdet mellom vilt og tamt

I norske landskap finn vi no rundt ein halv til ein million hjortevilt, sjølv om ingen veit heilt sikkert. I Noreg har vi passert 5,5 millionar pattedyr av arten Homo sapiens, og vi slepper årleg ut omlag to millionar sauer og ein kvart million storfe på beite her til lands.

Trass dette skeivforholdet er den globale statistikken enno verre. Ein reknar no med at menneske og husdyr utgjer 95 prosent av alle pattedyr!

Landskapet vårt reddar oss

Er vi då betre enn andre? Truleg handlar det meir om at landskapet «reddar» oss; vi har mykje mindre jordbruksareal enn dei fleste land i vår del av verda, og vesentleg meir fjell og skog.

Sjølv om også vi gjer vårt beste for å øydelegge og dele opp naturen med vegar, bustadfelt, hyttebyar og energiinstallasjonar, flyttar hjorteviltet (minus villreinen) seg enno greitt rundt på trekk frå sommar- til vinterterreng. Så lenge dei har plass nok til å flytte på seg, og vi haustar berekraftig av bestandane, går det kanskje bra med hjortedyra i skogen?

Reinsdyret herskar i høgfjellet. Staten har utrydda reinen i Nordfjella i håp om å knekke den frykta skrantesjuka (CWD). Korleis kjem det til å gå med reetableringa?

For mange eller for få?

Snart rundar vi av nok ein jaktsesong for storvilt. Kanskje blir det igjen rekordfelling av hjortedyr? Rett nok var dei beste jaktåra for elg og rådyr for rundt 30 år sidan, men rekordstore fellingar av hjort førte totalstatistikken til ei ny toppnotering i fjor.

Har vi då eigentleg for mange hjortedyr her til lands? Svaret blir påverka av kor i landet du er og kva dyr det er snakk om. Dei lokale skilnadene er store. Der eg bur manglar både rådyr og elg. Naturforvaltninga må difor tilpassa seg desse regionale forskjellane og sikra at det biologiske mangfaldet av store ville dyr får utvikle seg og ikkje vert avgrensa av, til dømes, for hard jakt eller for intensiv arealbruk.

Kven du er definerer kanskje di meining?

Korleis du ser på spørsmålet om for mange eller for få hjortedyr, kjem også an på kven du er. Er du bonde, skogbrukar, jeger, bilist, hageentusiast, naturelskar eller fagperson, kan det farge synet ditt på kor mange hjortedyr vi bør ha.

Sjølv er eg alt dette – og trass i at eg forstår utfordringane med fleire hjortedyr, kan eg ikkje anna enn å glede meg over at Noreg enno er litt annleisland. Så lenge det varar.

Ei rådyrgeit ruslar gjennom kulturlandskapet. Rådyret er det hjortedyret som vanlegvis lever tettast på folk, men enno er det ein del stader rådyret ikkje finst.

Les meir om hjortedyr i Vill vest-bloggen:

Ville dyr og tamme folk er for lite verdt i trafikken, frå 2022 (også på Ytring.no https://www.nrk.no/ytring/ville-dyr-og-tamme-folk-1.15872488)

Rudolf er raud på lista, frå 2021

Kompisplanter: skogens støttekontakt frå 2021

Våren er safaritid i låglandet, men snart lokkar fjellet hjorten på tur, frå 2021

Ingen kan leve åleine i verda, frå 2020

Vill suksesshistorie: Hjorten var nesten utrydda i Noreg, no er den skogens konge frå 2019

Ti ting du ikkje visste om hjorten, frå 2017

Powered by Labrador CMS