Det er liv i vinterskogen, trass store snøfall i februar. Denne daude hengjebjørka er heim for eit gulgrønt moseteppe, men også for eit knippe knuskkjuker Fomes fomentarius. Kulturhistoria til desse vedaktige soppane går 30 000 år tilbake i tid, mellom anna vart dei brukt til opptenning heilt til vi fekk fyrstikker for 200 år sidan. Foto: Inger Auestad

Slik drar du på artsjakt med smarttelefonen

Ny teknologi kan hjelpe oss å kjenne att det som veks i naturen. Å kunne namnet på det som lever rundt oss kan kanskje gjere oss meir opptekne av å ta vare på det òg?

No om vinteren er det stille i naturen. Sjølv om dagane er blitt lengre og varmare, ligg framleis mykje liv trygt i dvale i bakken. Nokre få hardhausar kan ein likevel treffe på vinteren gjennom. Nei, det var ikkje gran og furu eg hadde i tankane denne gongen, sjølv om dei held koken gjennom kalde vintermånadar utan å felle blada sine.

Dei tøffaste plantane i skogen

På ein overgrodd stubbe finn vi eit rikt utval av mosar og lav. Her veks strittande ribbesigd Dicranum scoparium, brune, flate skot av etasjemose Hylocomium splendens, og muntre, brunstilka furumosar Pleurozium schreberi. Dei lysare blada og «piggane» på stubben er truleg begerlavar, mellom anna den vakre blomsterlaven Cladonia bellidiflorum, som har raude hovud eller apoteciar, som det heiter i soppverda. Foto: Inger Auestad

Tvert imot tenkjer eg på mosane – småvaksne vekstar som ein må leite litt nøyare for å få auge på. Mose likar seg som kjent både på steinar og på bakken, i tillegg til på trestammar. Vinteren er ei fin tid for å bli kjent med desse små, men hardføre plantene, som vi ofte overser i dei grøne sommarmånadane. Det er om vinteren vi skjønar kor tøffe dei er. Dei let seg ikkje slå ut av nokre kuldegrader, men står grøne vinteren gjennom. Her snakkar vi om ei eldgammal livsform: Mosane har faktisk vore med lenger tilbake enn på den tida dinosaurane levde, heilt frå den tida då insekt var store som kråker!

Mosane har faktisk vore med lenger tilbake enn på den tida dinosaurane levde, heilt frå den tida då insekt var store som kråker!

Mosane sin styrke er å halde det enkelt: Der urter og tre kan vekse seg store, med røter som syg opp vatn og næring og stenglar som fraktar dette vidare rundt i planten, har mosane berre små, krokete festetrådar, dårleg med transportvev, og celletynne blad som både driv fotosyntese og opptak av vatn og næring. Dei kompenserer med lang vekstsesong og små krav til lys og jamn fuktigheit.

Mosane er hardføre småtassar, her har etasjemosen Hylocomium splendens (namnet tyder «den glinsande skogmosen») fått seg eit vårleg snødryss utan at det ser ut til å plage han nemneverdig. I gamle dagar tetta ein glipene mellom laftestokkane med denne mosen. I dag er det nok berre meiser og andre småfuglar som nyttar seg av han for å varme bustaden sin. Foto: Inger Auestad

Ein treng ikkje vere moseekspert for å bli fasinert av mangfaldet av mosar: her finst dei underlege, små sotmosane med blanke sporehus, dei lubne torvmosane som kan halde på tjue gonger si eiga vekt med vatn, dei små, tynne og flate levermosane, og eit vell av bladmosar i alle sjatteringar frå grønt og raudt til gult og brunt. Dei minste mosane må ein ha lupe for å sjå enkeltblada på, medan dei største kan danne halvmeterhøge, strittande tuver.

Sopp + alge = lav

I tillegg har vi nokre enda rarare kompisar i vinterskogen; lav. Dei veks ekstremt langsamt, gjerne der ingenting anna kan gro. Lavar er underlege dobbeltorganismar: dei inneheld mest sopp og lite grann grønalgar (og i nokre tilfelle blågrøn-bakteriar). Enkelte fagfolk har samanlikna dei med tropiske korallrev, som består av nesledyr og algar i tett samarbeid. For enkelheits skuld deler vi gjerne lav inn i tre grupper ut frå forma: busklav, bladlav og skorpelav. Innanfor kvar gruppe har vi mange artar, slekter og familiar.

På vinterleg skattejakt

På tur i vinterskogen kan ein la seg begeistre av alle desse snåle små skapningane, og gjerne lure på kva dei heiter alle saman. Nokon let det gå sport i å lære namn – dei ser på det som ei fredeleg form for jakt, eller alternativ til frimerkesamling. For få år sidan måtte ein anten bla att og fram i upraktiske oppslagsverk, eller dra med seg ein ekspert ut i felt, for finne ut namnet på ein ukjent plante eller eit mystisk insekt. I dag, derimot, treng vi berre fiske mobilen opp av lomma for å få svar!

Spør orakelet

Det viktigaste verktøyet er det Artsdatabanken, den nasjonale kunnskapsbanken for naturmangfald, som har utvikla. Dei tilbyr nemleg gratisappen Artsorakel. Neste gong du er ute på tur og ser ein mose du vil vite namnet på, kan du ta eit par bilde og laste opp. Artsorakel bruker kunstig intelligens til å tolke bilda og foreslå eit sannsynleg namn på funnet ditt, både på norsk og latin.

Du kan bruke Artsorakel til å kjenne att både planter, sopp, insekt, fugl og pattedyr, og det kan brukast året rundt. Som ein bonus gir Artsdatabanken deg lenker til eit hav av informasjon om arten du har funne, og høve til å registrere observasjonen i ein database. (Det siste skal du berre gjere dersom du er rimeleg sikker på det du har funne. Appen er nemleg berre så smart som vi har greidd å trene han opp til å bli).

På veg heim frå barnehagen fann Are og mor ein diger, rotnande stubbe med ei flott samling av soppar som Artsorakel meinte måtte vere små silkekjuker, Trametes versicolor. Det latinske dobbeltnamnet består av eit fellesnamn for slekta Trametes, på norsk: korkkjukeslekta, og så eit eige namn for akkurat arten silkekjuke; versicolor. Namnet tyder «den fleirfarga korkkjuka». Foto: Idun A. Husabø

Mangfaldet som blir borte

Artsorakel kan altså hjelpe oss med namnsetting, og dermed stille nysgjerrigheita vår. Men det er også ein annan, og kanskje enda viktigare grunn til å bruke litt tid og merksemd på det store naturmangfaldet. Ferske rapportar frå Det internasjonale naturpanelet (IPBES) peiker på at artar forsvinn frå kloden i eit alarmerande tempo, og at det er vår bruk (og forbruk) av natur som er den viktigaste forklaringa på tapet. Når vi byggjer skianlegg og hyttefelt, vindmøller, vegar og kjøpesenter, øydelegg vi heimen for anna liv, for å skape velstand for oss sjølv. Sjølv om stadig fleire er uroa over dette, er det vanskeleg å få snudd trenden.

Ei forklaring på dette er at stadig fleire av oss lever åtskilde frå naturen. Vi veks opp i byar og tettstader, og har kanskje ikkje sett så godt som ein rev eller elg på nært hald. Då er det ikkje rart at mange ikkje har ikkje peiling på kva ein mose eller lav er, langt mindre kva alle desse underlege skapningane heiter. Det siste er eigentleg hylande urettferdig. Viss ein veg alt som lever på jorda, vil ein finne at vekta på plantene utgjer 7500 gonger meir enn alle menneske til saman.

Artsorakel er ikkje alltid like treffsikkert, særleg når ein forlet bruksområdet ville norske artar. Då eg la inn eit kjapt sjølvportrett, svarte orakelet at eg med 33% sikkerheit er eit insekt, ein stor, flott mauresvermar. Eit bilde utan smil fekk orakelet til å tippe fisken bekkeniøye. Konklusjonen er at sunn fornuft har nokre fordelar framfor kunstig intelligens! Foto: Inger Auestad

«Man spiser ikke vennene sine!»

Den manglande namnekunnskapen har fått ei eiga nemning; planteblindheit (plant blindness). Ein kunne like gjerne seie lavblindheit, moseblindheit eller fugleblindheit. Blindheita gjer at vi ikkje kjenner noko sorg når vi høyrer at ein knappenålslav er utrydda, tvert om er slike nyheiter rekna som god underhaldning og eksempel på kor langt vernehysteriet har gått.

Vi veks opp i byar og tettstader, og har kanskje ikkje sett så godt som ein rev eller elg på nært hald.

Men mangfaldet av liv er eigentleg som ei hengjekøye, som vi alle kan ligge i. Kvar art som forsvinn, kan liknast med ein tråd i hengjekøya som ryk. Vi toler godt å miste nokre trådar, for køya er tettvevd. Men ein dag manglar så mange trådar, at hengekøya er blitt til ein utrygg stad for menneska.

Eg trur bestemt at litt meir kunnskap om og betre kjennskap til artane, dei minste brikkene i livets store puslespel, vil auke respekten vår for alt liv. Som Klatremus i Hakkebakkeskogen seier det: «Man spiser ikke vennene sine!» På same måte vil eg seie at «ein utryddar ikkje planter og dyr ein kjenner namnet til». Så dermed er oppmodinga gitt: last opp Artsorakel på smarttelefonen, og gå på spennande skattejakt i vakker vinternatur!

Powered by Labrador CMS