Blomster kan vera åstad for bytte av tenester, orgiar, sex og mord

Ein bildeblogg som viser litt av det spennande livet til insekta og blomstrane eg forskar på.

Som økolog og forskar er eg mykje i felt, i skog, eng og fjell. Der gjer eg målingar og teljingar av naturfenomena som eg forskar på, deriblant har eg brukt ganske mykje av forskarlivet mitt på å observera blomster og bier. Det skjer nemleg mykje på blomstrane, i samspelet med insekta. Blomster er på ein måte eit slags amfi for naturen sitt eige teater.

Det som skjer på denne blomsterarenaen kan ikkje alltid teljast og formidlast i vitskaplege tekstar. Bilde, derimot, kan vise fram meir av denne delen av naturhistoria. Blomster er ein stad for samspel for utveksling av tenester mellom planter og insekt, men også ein åstad for orgiar, sex og mord!

Kjærleik. Eg elskar blåbær og eg diggar humler. Blåbærplantene blomstrar i hopetal tidleg på våren og gir farge til skogbotnen. Og: mat til humledronningar som er svoltne etter ein vinter i dvale. Denne åkerhumledronninga får mat og sikra til gjengjeld at blåbærhausten i år (og frøproduksjonen til plantene) blei bra.

Å omfamne! Er dette også kjærleik? Denne berghumla ser i alle fall svært nøgd ut med sukkersafta den har fått frå tyttebærblomsten. Og blomsten er nok nøgd med å få spreidd sine gen via pollen som heng fast på humlas hårete kropp.

Er det ei humle? Nei, det er faktisk ei humlebille. Humlebilla (som tilhøyrer billefamilien skarabider, og underfamilien gullbasser) brukar eit velkjent triks i naturen gjennom å etterlikne andre kryp som er farlegare enn ein sjølv for å unngå å bli spist. Fenomenet blir kalla mimikry.

Er det ei humle (del II)? Nei, det er faktisk ei humleblomsterfluge. Blomsterfluger er ein artsrik familie som er kjent for sin mimikry, eller etterlikning av farlege artar. Men der dei fleste blomsterfluger liknar meir på veps, har humleblomsterfluger «valt» å kopiere humlene sine fargemønster og behåring. Korleis kan du sjå forskjellen mellom bier og fluger? Humler (+ andre bier og veps) har to par venger, fluga på bildet har berre eitt par venger.

Kamuflert mordar. Krabbeedderkoppen som heng på undersida av denne smørblomsten, har fanga ei fluge. Krabbeedderkoppen kan skifte farge etter blomsten den besøker og kan også observerast som kvite eller lys grøne. Kamuflasjen hjelper den å fange byttet.

Kjapt rovdyr. Denne kvite krabbeedderkoppen var kjapp og fanga ei humle som var på veg til å suge nektar på ein blåbærblomst og klarte dette sjølv utan kamuflasje. Det er første og einaste gongen eg har sett at ei humle er blitt fanga slik. Humlearbeidarane flyg jo vanlegvis fort frå blomst til blomst og er vanskelege å få has på for dei fleste rovdyr. I tillegg kan dei jo stikke...

Enghumleblom, ein blomst for sitt namn. Kanskje den har valt ein slik hengeform for å unngå å få besøk av andre enn langtunga humler slik som denne åkerhumla? På den måten sikrar den betre leveranse av pollen frå humleblom til humleblom. Men humla får alltid tak i ein del av pollenet og samlar i klumpar på pollenkorga si på bakbeina (sjå bildet). Pollinering er altså også ein interessekonflikt, som dei fleste samspel og forhold.

Det svinger på mjødurten. Her ein trekant mellom blomsterbukkar. Hoa må tole besøk av to hannar (brune og litt mindre). Kanskje ho får i seg litt blomstermat under akta?

Seksflekka bloddråpesvermar. Smak på det namnet! Men ikkje smak på denne sommerfuglarten, den kan faktisk vera giftig! Her snakkar vi altså ingen lureri eller mimikry for denne kan visstnok skilje ut gifta cyanid (blåsyre er eit cyanid) dersom den blir angripen.

Bier er ikkje berre humler. Dei solitære biene, slik som denne parksandbia, lagar reir i staden for dei meir intrikate samfunna med arbeidsdeling som vi finn i humlebola. I reiret, som dei mange ulike artane lagar i holrom i bakken eller treverk, legg dei egga sine saman med ein nistepakke av pollen. Når larven kjem ut av egget kan den vekse seg stor på pollen frå m.a. tyttebær.

Panservogn? Nei, berre ei bille som heiter gullbasse som har landa på ein prestekrage. Men når den kjem flygande, er det fleire enn meg som har dukka for dette vakre insektet.

Magnetblomst. Raudknappblomsten verkar som ein magnet på pollinatorar og tiltrekker seg mange bier, biller, fluger og andre pollinatorar, og er ein av dei ville plantene ein kan satse på i ein pollinatorvennleg hage. Les meir om korleis du kan lage eit pollinatorparadis av hagen din i villvest-bloggen.

PS! På bildet ser du to åkerhumler og ei bille med det flotte latinske namnet Chrysanthia viridissima (ein blomsterbløtbukk utan norsk namn)

Powered by Labrador CMS