Bukkeflokk med villrein i Nordfjella. Etter sanering av bestanden på grunn av skrantesjuka så er det ikkje lenger villrein her.

Rudolf er raud på lista

No er det høgtid for reinen, dette mytiske fjelldyret, og juledyret. Julefargen raud får dobbel betydning i år som villreinen har hamna på raudlista over truga artar i Norge.

“Reinen kom nedover fjellsida som fransk kavaleri, bare stoltere, tettere og raskere. Nyfeide horn glinset av blod, lik sabler ferske fra striden, med den forskjell at dette ikke var de overlevende eller utvalgte, dette var dem alle – kalver og ungdyr, og kluftbukker og simler og storbukker, det hele følget, alle og én og ingen andre, som sprang ut fra urtiden med varsimla først.”

Lars Mytting si skildring av villreinen i romanen «Hekneveven» understrekar det mytiske og den sterke naturopplevinga det kan vera å møte ein reinsflokk. Reinen, Rangifer tarandus, har ein sentral plass i historia vår. Kanskje er den sjølve grunnen til at det først kom folk her, langt mot nord, både samar og indoeuropearar?

Villreinen får oss gjerne til å tenka på fjellheimen, med vidder og snøfonner, med reinlav og steinur. Men dei eldste funna av reinbein er faktisk frå vestlandskysten. Dei stammar frå ein “mild” periode under siste istid, for rundt 35 000 år sidan, då innlandet var dekt av tjukk bre, medan kysten hadde litt mat å by på. Landskap og klima den gongen likna det vi finn på Svalbard i dag.

Kongen av vinteren

Få dyr er betre tilpassa arktiske forhold enn reinen, og den tronar som vinterkongen blant hjortedyra. Elles er det berre elgen som er godt tilpassa kulde blant hjortedyra våre – hjort og rådyr vil helst ha plussgrader. Først når det blir bikkjekaldt, under 30-40 minus, må villreinen skru opp forbrenninga for å halde varmen. Knepet er å ha flust med varmande ullhår, kombinert med lange, luftfylte dekkhår. Stilleståande luft i vindtett materiale er jo eit kjent isolasjonsprinsipp både i bygningar og dunjakker.

Ei av dei kulaste tilpassingane reinen har på lur, er varmegjenvinning. I nasen! Her skjer luft- og varmeutveksling på nivå med dei beste systema vi menneske kan laga. Nasen er fylt av kanalar og skiljevegger som sikrar at over to tredelar av varmen blir gjenvunnen.

Vi naken-apar kan nok lære mykje av desse pelskledde hjortedyra som tilpassar seg vekslingane i årstidene og er utstyrte med avansert “teknologi” frå evolusjonen sin strenge seleksjon. Spesielt med dei straumprisane som rår i marknaden no!

Villrein og stein. Ein reinsbukk i Midtmaradalen i Jotunheimen omkransa av mengder av stein, men her finn den også litt lav, moser, gras og urter. Reinen er ein meister i å utnytte sparsomme ressursar. Foto Stein Joar Hegland.

Det lyser raudt for Rudolf!

Villreinen er altså komen på raudlista. Dette er ei slags hitliste over levande liv i det norske naturrike som enten står på randen av stupet, eller har så sterk tilbakegang at det er fare på ferde. Villreinen er no plassert i den siste kategorien, og ber merkelappen «Nær truga». Korleis kunne vi kome dit?

Talet på villrein i Norge har vore nokolunde stabilt dei siste tiåra, men vi menneske et oss sakte men sikkert inn på leveområda deira. Områda der det finst villrein i Norge, over tjue i talet, er fysisk segregerte av busetnad og infrastruktur. Som mange andre hjortedyr, flyttar reinen seg med årstidene (les om hjorten si touring i Vill vest-bloggen av mai 2021). Det inkluderer ein rundtur for å kalva, eta seg feite, brunste og overvintre. Denne runden krev ein heil del plass, men det er stadig mindre plass til overs. Og stadig meir krevjande å vera reinsdyr. Plasseringa av villrein på den norske raudlista gir ingen god karakter til den norske forvaltninga av reinsdyret.

I Norge er det så godt som fri ferdsel i utmarka. I tillegg er det nesten kostnadsfritt å bygge ned naturareal. Den frie fotturist på turstiar, ekspanderande hyttebygging, i tillegg til veg og baner, har ein ting felles: dei er alle store truslar mot villreinen sitt ve og vel. Desse aktivitetane fører til oppsplitting av leveområda. Villreinen kunne ha brukt ein mykje større del av Norge enn den gjer no, hadde vi vore meir varsame i vår omgang med norsk natur.

Hos reinen har både hoar (simle) og hannar (bukk) gevir. Kanskje Rudolf eigentleg var ei simle? Reinen heilt til høgre er ei simle, og midt i bildet kranglar to bukkar. Foto Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter.

Rein som julemyte

I tillegg kjem skrantesjuka, og tiltaka mot denne, og klimaendringane si klamme hånd er heller ikkje særleg positivt. Ein kan bli deprimert av mindre. Men det er mykje glede og gode forteljingar knytt til reinen, spesielt i jula. At reinen dreg sleden til julenissen er, som ein god del anna med den moderne jula, ein amerikansk myte.

Frå tidleg 1800-tal kjem det første bildet vi kjenner av kombinasjonen rein og Santa Claus. Seinare var samar og nordmenn sentrale i å forsterke denne julemyten. Fem hundre tamrein frå Norsk Sápmi blei i 1898 frakta til Alaska for å brødfø gullgravarar og andre som emigrerte dit. Denne flokken voks etterkvart til ein halv million rein og det vart overskot av kjøt. Salstrikset for å bli kvitt kjøtet, var å la Santa Claus bli trekt av åtte reinsdyr gjennom amerikanske handlegater samstundes som ein spreidde myten om at nissen måtte selje reinskjøt for å få råd til julegåver.

Nordmenn har altså bidrege sterkt til kommersialiseringa av jula.

Rudolf med den raude nasen, den niande reinen til julenissen, dukka faktisk ikkje opp før rundt den andre verdskrigen. Vitskapsfolk har spekulert på om nasen til Rudolf faktisk kan ha blitt raud som følgje av ein parasittinfeksjon. Fleire parasittar er ein av truslane vi påfører villreinen gjennom klimaendringane.

Den første avbildinga av julenissen, eller eigentleg Santeclaus (som den heitte i USA i 1821) som blir trekt av reinsdyr (frå Beinecke Digital Collections).

Raudlista forsterkar julesymbolikken

Vi menneske har no klart å endre notidas klima så pass mykje at vintrane i Norge alt er blitt rundt ein månad kortare, berre innafor mi eiga levetid. Vintrane i reinens rike er blitt meir ustadige og somrane meir trøblete enn før. Det gjer at vinterkongen lir meir enn nødvendig.

I tidlegare tider kunne reinen trekke ned i fjellskogen, eller lange avstandar mot tørrare og kaldare vêr, ved klimaendringar. Skal reinen ha håp om denne typen klimatilpassing i dag eller i framtida, trengst det storstilt naturrestaurering, og ei endring i hytte-, samferdsle- og turistpolitikken.

Alternativet til slik innsats er at reinen faktisk berre blir tam eller endar opp som ein julemyte.

Kjelder

Reimers, E. 2018. Våre hjortedyr: ei bok til undring, glede og kunnskap. Forlaget Yrkeslitteratur, 460 s.

Balto, A.K. 2012. Norske pionerer i Alaska. Polarhistorie.no

Powered by Labrador CMS