Kva inneber det eigentleg å jobbe med heilskule-tilnærming til berekraft? Korleis kan skular og lærerutdanning jobbe for å fremme ei slik tilnærming?

Meir enn eit tema – ei heilskule-tilnærming til berekraft

Kompetanseheving for lærarar og leiarar gjennom Universitetsskoleprosjektet på NMBU

Sidan 2017 har Institutt for lærerutdanning og utdanningsvitenskap (ILU) ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) samarbeidd med Viken fylkeskommune og fire vidaregåande skular (Frogn, Hvam, Ski og Ås VGS) om å fremme ei heilskule-tilnærming til utdanning for berekraftig utvikling.

I samarbeidet, kalla Universitetsskoleprosjektet, eksperimenterer deltakarane med ny undervisning og praksis i skulen og i lærerutdanninga. Dette blir støtta opp med seminar og faste møte mellom dei ulike aktørane og FoU-arbeid mellom tilsette i skulen og stipendiatar, masterstudentar og andre forskarar og tilsette ved ILU.

Ei heilskule-tilnærming til berekraft

I ei heilskule-tilnærming gjennomsyrer berekraft alt skulen gjer. Både innhald, arbeidsmåtar, leiing og drift er prega av eit felles mål om å bidra til eit berekraftig samfunn. I dette prosjektet bruker me i stor grad modellen under til å illustrere dei ulike elementa som skulen består av, og som inngår i denne heilskule-satsinga.

Modellen er utvikla gjennom forskergruppa ‘UBU i praksis’ ved ILU og fagmiljøet rundt Arjen Wals ved Wageningen Universitet i Nederland. Modellen har vore eit viktig verktøy i universitetsskulesamarbeidet for å forstå kompleksiteten i ei heilskule-tilnærming og for å kunne sjå dei ulike elementa i samanheng. Meir informasjon om modellen kan de finne her.

Modell som illustrerar heilskule-tilnærming. Modellen er utforma som ein blome med fem kronblad

Frå enkeltståande prosjekt og personar til ein felles kultur

Gjennom dei fem åra med universitetsskulesamarbeid har me gjort oss fleire erfaringar med å utvikle ei brei forståing av kva ei heilskule-tilnærming til berekraft inneber, og korleis det kan sjå ut i praksis.

Samtidig har samarbeidet i stor grad bestått av enkeltståande prosjekt og personar frå skulen og lærarutdanninga, utan at ideane og erfaringane frå desse initiativa nødvendigvis har blitt forankra breiare i institusjonane.

For skuleåret 2021/2022 vart det difor satsa på å gi ei meir systematisk støtte til skulane ved å tilby kompetanseheving for både lærarar og leiarar. Målet var å gå frå enkeltståande prosjekt, og gjerne enkeltståande personar, til at berekraftsatsinga i endå større grad blir ein integrert del av kulturen på skulen.

Initiativ som fremmer tverrfaglegheit

Gjennom ei spørjeundersøking gjennomført blant lærarar i universitetsskulane våren 2021, med respons frå 77 lærarar, kom det fram at dei aller fleste var fornøgd med at tverrfaglegheit var kome inn som eit viktig element med Fagfornyinga 2020.

Samstundes syntes fleire at det var krevjande å skulle jobbe tverrfagleg, t.d. på grunn av korleis skulen er strukturert og organisert, og at lærarane trengde meir kompetanse og ressursar på korleis fremme tverrfaglegheit i eigen praksis.

Det kom og fram at fleire var usikre på korleis tolke og fremme dei tre tverrfaglege temaene berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmeistring i eigen praksis på ein holistisk måte.

Fokuset for kompetansehevingstilbodet til lærarar var difor særleg på å jobbe med å utvikle initiativ i eigen praksis som fremmer dei tre tverrfaglege temaa, involverer fleire fag, og korleis initiativa vidare kan vera med å fremme dei andre elementa av ei heilskule-tilnærming (t.d. drift og kopling til lokalsamfunnet).

For leiarane var fokuset i kompetansehevingstilbodet å utvikle ei treårig visjon for berekraftsatsinga ved skulen og kartlegge kva som kan gjerast konkret her og nå, og på lang sikt.

Forankre kompetanseheving lokalt

Felles for dei to kompetansehevingstilboda var å støtte lærarar og leiarar til å utvikle konkrete tiltak for berekraftsatsinga som bygger på det dei allereie har gjort og tilpassa den enkelte skule sine behov, og utvikle lokalt forankra tiltak vidare.

I dei to tilboda nytta me refleksive, utforskande, kreative og deltakande metodar, slik som fotografi, ‘open space’ og tankekart. Deltakarane var difor aktive i å konstruere sin eigen forståing av konsepta som vart introdusert.

I tillegg vart det arrangert ei fellessamling for lærarane og leiarane for å legge til rette for ei samkøyring mellom dei ulike tiltaka som deltakarane jobba med å utvikle, for å gi innspel på tiltaka, og for at skulane kunne bli inspirert av kvarandre. Totalt deltok 11 lærarar og 10-12 leiarar i kompetansehevingstilboda.

For både lærarar og leiarar starta kompetansehevingstilboda med å kartlegge status for berekraftsatsinga ved skulen ved å ta utgangspunkt i ein figur som viser ulike fasar mot ei heilskule-tilnærming til utdanning for berekraftig utvikling (sjå figuren under). Både lærarar og leiarar plasserte seg ein stad mellom fase 0 og 3, avhengig av kva initiativ og tiltak det var snakk om.

En stadiemodell som illustrerar de fem fasane mot ein berekraftig skule

Deltakarane har og brukt heilskule-modellen aktivt for å jobbe for at fleire element på skulen (t.d. undervisning, drift og kompetanseheving) kan vera med å utvide og styrke berekraftsatsinga ved skulen.

Då leiarane kartla status for berekraftsatsinga ved skulen, la dei vekt på at det har teke og tek tid å modne fram si eiga tolking og omsetting av ei heilskule-tilnærming til berekraft. Dette er òg ein prosess dei ikkje har lyst til å forhaste, men sørge for at kollegiet er inkludert i denne utviklinga.

Berekraft i skulen si daglege driftsform

I arbeidet med å sette nye mål for dei neste tre åra (2022–2025), la dei alle vekt på at det å styre mot fase 4 handlar om å innarbeide berekrafttankegongen i skulen si daglege driftsform, årshjul, strukturar og kultur – og at kvar skule må finne sin måte å omsette dette på ut i frå eigne unike føresetnadar og eigenart.

Lærarane ved dei ulike skulane har utvikla tiltak både på t.d. undervisning, drift og kompetansehevingsnivå. På Ski VGS jobba lærarane med å gjera kantina meir berekraftig, og å involvere elevar i dette arbeidet. Vidare jobba dei med å utvikle ei ny berekraftlinje ved skulen.

På Hvam VGS jobba dei med å få på plass ein pasteuriseringsmaskin. Dei ønska å utnytte mjølka som vert produsert på skulen, som vidare kan serverast til elevar i kantina. I tillegg jobba dei med å utvide kollegasamarbeidet på skulen for å skape meir rom for lærarar å møtast og utvikle tverrfaglege opplegg.

Utbytte frå kompetansehevingstilboda

Både deltakarar og fasilitatorar sit igjen med mange gode erfaringar frå gjennomføringa av kompetansehevingstilboda. Heilskule-modellen og fase-modellen såg ut til å vera ei god støtte for å skape refleksjonar og utvide forståinga av kva ei heilskule-tilnærming til berekraft inneber.

Deltakarane brukte vidare modellane til å konkretisere tiltaka som dei jobba med å utvikla i eigen praksis. Dette gjorde òg arbeidet endå meir verknadsfullt. Både lærarar og leiarar jobba parallelt med dei same modellane, men frå ulike innfallsvinklar.

Slik får berekraftsatsinga ved skulen eit endå større nedslagsfelt. Med desse kompetansehevingstilboda opplever me difor at me har kome eit betydeleg skritt nærmare mot å fremme ei heilskule-tilnærming til berekraft, og der endå fleire aktørar i skulen har fått eit eigarforhold til denne tilnærminga.

Det er gjort følgjeforsking knytte til desse kompetansehevingstilboda, t.d. gjennom doktorgradsarbeidet til Rosalie Mathie. På sikt vil det difor kome publikasjonar på dette arbeidet.

Den 2. juni 2022 arrangerer og Universitetsskoleprosjektet konferansen ‘Skolens rolle i et bærekraftig samfunn: Et helskole-perspektiv’ på NMBU, for å samle aktørar som er interessert i ei heil-skule tilnærming til berekraft (sjå lenke under). Konferansen er gratis, påmeldingsfrist er 25. mai.

Heilskule-ressursar

Sjå universitetsskoleprosjektets nettside: ‘UBU i praksis

Sjå meir om konferansen ‘Skolens rolle i et berekraftig samfunn: Et helskole-perspektiv’ 2. juni på NMBU, her

Referansar

Mathie, R. G. & Wals, A.E.J. (2022) Whole School Approaches to Sustainability: Exemplary Practices from around the world. Wageningen: Education & Learning Sciences/Wageningen University. 62 sider. Henta frå: http://www.wur.eu/wholeschoolapproach

Wals, A.E.J. & Mathie, R. G. (2022) Whole School Responses to Climate Urgency and Related Sustainability Challenges. A Perspective from Northern Europe. I: M. Peters & R. Heraud (Red.), Encyclopedia of educational innovation.

Scott, W. (2013). Developing the sustainable school: Thinking the issues through. Curriculum Journal, 24(2), 181-205.

SSAT (2008) Raising standards: Making sense of the sustainable schools agenda. London: Specialist Schools and Academies Trust.

Powered by Labrador CMS