Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Infusjonsvæsker kan miste effekten viss dei blir utsette for lys over lengre tid.

Legemiddel som vert utsette for lys over lengre tid, kan miste effekten eller bli giftige

No kjem hjelpa helsevesenet har venta på i form av ei handbok.

Papir gulnar. Maling mister fargen. Tekstilar falmar. Desse effektane av lys kjenner alle frå kvardagen.

– Då bør det ikkje overraske nokon at noko liknande òg kan skje med legemiddel som vert utsette for lys, seier professor Hanne Hjorth Tønnesen ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Produsenten har ansvaret for kvaliteten til legemiddelet, men berre fram til det vert tatt i bruk, forklarer ho.

– Så snart vi tuklar med det på ein eller anna måte – tynnar det ut eller blandar det med andre legemiddel, for eksempel – kan produsenten vanskeleg ha det ansvaret lenger.

Sidan tidleg på 1980-talet har ho vore opptatt av kva som skjer med legemiddel som vert utsette for lys under oppbevaring og bruk, for eksempel på sjukehus eller heime hos pasienten. Kunnskapen om dette er liten, ikkje berre blant sjukepleiarar og legar, men òg blant farmasøytar.

Dramatiske konsekvensar

Eit typisk døme er infusjonsvæsker som blir gitt intravenøst, anten frå stativ ved senga eller frå stativ som pasienten går rundt med, forklarer ho. Slike legemiddel tilførast kroppen i relativt store mengder, opptil fleire liter per døgn.

Hanne Hjorth Tønnesen får jamlege førespurnader frå helsepersonell og farmasøytisk industri om legemiddel og lys.

– Det er eit sikkerheitskrav at slike væsker skal vere klare og i gjennomsiktig emballasje, slik at ein kan kontrollere at dei ikkje inneheld partiklar, seier Tønnesen.

– Men dermed vert dei sjølvsagt òg meir utsette for lys.

Konsekvensane kan vere dramatiske. Ho fortel om den gongen ho vart kontakta av sjukepleiarane på ei sjukehusavdeling.

Væska hadde blitt gitt over 24 timar, som er lenge i ein slik samanheng. Heile denne tida hang posen utsett for lys ved pasienten si seng. Då Tønnesen undersøkte posen på slutten, inneheldt væska berre 10 prosent av det aktive legemiddelet. Resten var brote ned.

– Dermed hadde det naturleg nok mindre effekt, så legen dobla dosen. Men då fekk pasienten ein fersk pose, der konsentrasjonen jo var 100 prosent. Konsekvensen var alvorlege biverknader, seier Tønnesen.

Barn som er fødde for tidleg

Eit anna døme er næringsvæska som blir gitt til for tidleg fødde barn. Ho inneheld aminosyrer, feitt, vitamin og anna som den nyfødde ikkje lenger kan få gjennom mora. Også dette er stoff som blir påverka av lys, ifølgje Tønnesen.

– Dei vert brotne ned til stoff som heiter peroksid og som er svært reaktive, seier ho.

Reaktive stoff har stor evne til å reagere med andre stoff og kan difor vere skadelege.

– Ein vanleg utvikla person har forsvarsmekanismar som handterer dette. Men desse små kroppane har ikkje det same forsvaret, og ein mistenkjer no at lysutsett næringsvæske faktisk kan ha forårsaka dødsfall.

Dette har fått ein del merksemd i det siste, legg Tønnesen til.

Ho understrekar at slike dramatiske døme etter alt å døme berre er toppen av isfjellet.

– Om ein pasient har biverknader som er utan opplagt årsak, men som er mindre alvorlege, er det langt frå sikkert at ein bruker tid på å finne ut kvifor.

Når fleire med ei handbok

Saman med ein kollega hadde Tønnesen ei stund ein ambisjon om å undervise om lys og medisinar på norske sjukehus, men dei fann fort ut at det var for ambisiøst. Det var vanskeleg å nå særleg mange helsearbeidarar om gongen.

Gjennom firma Bector Dickinson, produsent av infusjonsutstyr, blei ho så oppmoda til å søkje på eit av stipenda dei deler ut for å produsere informasjonsmateriell.

Boka vert delt ut gratis til sjukehus over heile verda.

Gratis handbok

Og no er handboka her: ei lita bok på 60 sider, i eit format som gjer ho enkel å stikke i lomma. Boka er full av eksempel og anbefalingar som skal gjere det lettare å gjere ei vurdering, sjølv for dei som ikkje kan noko om emnet frå før.

Dei fotokjemiske reaksjonane, altså kjemiske reaksjonar som krev lys, er nemleg forskjellige frå gong til gong.

– Det er ikkje slik at alt som er løyst opp i glukose reagerer på éin måte, medan alt som er løyst opp i ei saltløysing reagerer på ein annan måte, seier Tønnesen.

– Det er så mange faktorar som spelar inn at det er vanskeleg å gjere ei vurdering utan å ha riktig bakgrunn. Med denne boka ynskjer vi å gje helsepersonell denne bakgrunnen.

Sjukehus verda over

Becton Dickinson skal no dele ut boka til sjukehus over heile verda som dei er i kontakt med, utan vederlag. Ho skal òg omsetjast til fleire språk enn engelsk, i fyrste omgang til spansk.

– Prosjektet er non-profit, så eg sjølv tener ikkje ei krone på dette. Men etter å ha jobba med denne problemstillinga i snart 40 år, er det løn nok å få denne kunnskapen ut der den kjem sjukehusa og ikkje minst pasientane til gode, seier Tønnesen.

Tilgjengeleg handbok

Skulle nokon ynskja ein eller fleire kopiar av boka, kan dei kontakte Becton Dickinson på adressa BD.MMS.support@bd.com.

Powered by Labrador CMS