Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norsk institutt for vannforskning - les mer.

Til skilnad frå dei fleste andre land i Europa finst det lite data om konsentrasjonar av miljøgifter i Bosnia-Hercegovina. Forskarar frå NIVA har vore i landet for å bidra til miljøstatus og samarbeid.

Norsk forsking på miljøgifter i Bosnia-Hercegovina

I to av dei største elvane i Bosnia-Hercegovina er det gjort opp status for miljøgifter. Norske ekspertar bistår landet i å følge opp pliktene deira om miljøgifter.

Norsk institutt for vassforsking (NIVA) har utført undersøkinga i samarbeid med universitet på tvers av dei to delstatane i landet.

Det er over ti år sidan sist gong det vart målt konsentrasjonar av miljøgifter i elvane Bosna og Neretva, to av dei største i Bosnia-Hercegovina.

Sidan då har Stockholmkonvensjonen om bestandige, organiske miljøgifter trådd i kraft, og landet er dermed plikta til å avgrense og avvikle bruken av ei rekkje miljø- og helseskadelege stoff.

Då er det kjekt å vite kor mykje miljøgifter som finst i miljøet, så ein kan sjå om forbodet har ein reell effekt.

– Til skilnad frå dei fleste andre land i Europa finst det dessverre lite data om konsentrasjonar av miljøgifter i Bosnia-Hercegovina, fortel forskar og prosjektleiar Sissel Ranneklev ved NIVA.

– Det skyldast mellom anna at landet er veldig delt etter borgarkrigen i Jugoslavia, noko som kjem til uttrykk i den fragmenterte miljøforvaltinga. Det er eit stort behov for å byggje kapasitet for miljøovervaking og analysar lokalt i Bosnia, seier forskaren.

Utan miljødepartement

Dayton-avtala frå 1995 sette ein stoppar for krigen i landet, men den administrative strukturen som vart etablert, med heile fem forvaltingsnivå, har vist seg tungrodd både for bygging av fred og for ei aktiv miljøforvalting.

Noko eige miljødepartement finst ikkje, så Stockholmkonvensjonen er lagt under departement for utanlandshandel og økonomi. For å få gjennomslag for tiltak og endringar må begge delstatane i Bosnia-Hercegovina vere samde.

Landet består av to einingar, kalla entiteter: Føderasjonen Bosnia-Hercegovina og Republika Srpska.

I dette brokete biletet var det NIVA kom inn for å bidra til miljøstatus og samarbeid i landet.

Stockholmskonvensjonen

Stockholmskonvensjonen er en internasjonal miljøavtale i regi av FN, som ble signert i Stockholm 23. mai 2001 og trådte i kraft 17. mai 2004. Den gjelder persistente organiske forurensninger (POPer). Disse organiske forbindelsene brytes ikke ned i naturen, men hopes opp i næringskjeden. De er svært skadelige for mennesker og miljø.

Kilde: Miljødirektoratet

Lokale utsleppskjelder

Resultata frå prøvetakinga til forskarane synte at konsentrasjonane av mest alle grupper av miljøgifter var under grensenivået som er fastsett av EU gjennom Vassdirektivet. Hovudmålet i direktivet er å sikre god tilstand i overflatevatn og grunnvatn innan 2021.

Unntaket var såkalla polysykliske aromatiske hydrokarbon, forkorta til PAH, ei stoffgruppe som kjem frå ufullstendig forbrenning av organisk materiale. Det kan for eksempel vere ved forbrenning av drivstoff eller ved vedfyring.

– I Bosna-elva var det fleire undergrupper av PAH-ar som hadde høgare konsentrasjonar enn miljømålet til EU. Dette gjeld tre stader i elva der ho renn forbi byen Doboj, eit stykke nord for Sarajevo så her finst det tydelegvis ei lokal utsleppskjelde. Dessverre finst det så lite data over tid at vi ikkje veit om konsentrasjonane er på veg opp eller ned, seier forskaren.

Bosna-elva hadde generelt høgare nivå av miljøgifter enn Neretva-elva, men ettersom Bosna-elva startar ved Sarajevo, medan Neretva-elva renn gjennom store, verna område, var ikkje det så overraskande.

Forskarane målte òg miljøgifter i fisk frå elvene Bosna, Neretva og Vrbas.

Neretva-elva, som startar i søraust og renn sørover, synte likevel teikn på å ha ei lokal kjelde til stoffgruppa PBDE (polybrominerte difenyletarar) i nærleiken av byen Mostar sør i landet.

Dette er ei gruppe stoff som vert tilsett i materiale på grunn av dei flammehemmande eigenskapane. Det vere seg for eksempel i elektriske produkt, i materialar i bilar, fly eller i tekstilar til madrassar, sengetøy, møblar og arbeidstøy.

Billig og enkelt

For at miljøgiftovervaking skal vere mogleg å gjennomføre i Bosnia i framtida, er det viktig at metodane for prøvetaking er så enkle og billige som mogleg.

Difor testa Ranneklev og kollegaene hennar to ulike typar av prøvetaking: passiv prøvetaking og såkalla høgvolum-prøvetaking.

Det er eit stort behov for å byggje kapasitet for miljøovervaking og analyser lokalt i Bosnia, seier NIVA-forskaren Sissel Ranneklev, som håpar på meir samarbeid med Bosnia-Hercegovina framover.

Passive prøvetakarar består av plastremser som står ute utan tilsyn. Dei tek opp i seg organiske miljøgifter over tid og fanger opp den delen som er ubunden og fri, det vil seie den delen som ikkje er bunde til partiklar.

Passive prøvetakarar kan stå ute i fleire månader og gjev forskarane eit bilete av den gjennomsnittlege konsentrasjonen da dei stod ute.

– Passive prøvetakarar krev svært lite arbeid, ettersom dei heilt passivt samlar miljøgifter frå omgjevnadene over ei tid. Dei fangar opp den ubundne fraksjonen av miljøgifter, han som er tilgjengelege for opptak i vasslevande dyr, og gir slik sett eit relevant mål på miljøgift-konsentrasjonane, fortel Ranneklev.

Høgvolum-prøvetakarar, på si side, krev litt meir arbeid. Desse prøvetakarane er instrument som krev straum til å pumpe vatnet gjennom. Dei samlar og filtrerer om lag 200 liter vatn, slik at miljøgiftanalysane kan gjerast både på partiklane som er filtrert frå vatnet og i vatnet separat.

Slik måler denne metoden både den bundne og den frie fraksjonen av miljøgifter i vatnet.

– Resultata for dei to metodane for prøvetaking var samanliknbare, men dei har litt ulike bruksområde. Difor er det viktig å vege praktiske og vitskapelege omsyn i kvart enkelt tilfelle når ein vel metode, seier Ranneklev.

Håpar på meir samarbeid i framtida

Ranneklev og kollegaane målte òg miljøgifter i fisk frå dei to elvene, i tillegg til frå elva Vrbas. Desse resultata vert publiserte i 2019, opplyser Ranneklev, som håpar på meir samarbeid med Bosnia-Hercegovina framover.

– Eg håpar at fleire prosjekt kjem i gang i framtida. Vi veit at reinseanlegg med dårleg reinsing slepp legemiddel og personlege pleieprodukt rett ut i elvane, og det er viktig å dokumentere forureininga som det forårsakar, seier Sissel Ranneklev.

Om prosjektet

Studien er utført av Norsk institutt for vassforsking (NIVA) i samarbeid med universiteta i Sarajevo og Banja Luka. Prosjektet er finansiert av Utanriksdepartementet.

Referanse:

Christopher Harman mfl.: The organic pollutant status of rivers in Bosnia and Herzegovina as determined by a combination of active and passive sampling methods. Environmental monitoring and assessment, 2018. (Samandrag). Doi.org/10.1007/s10661-018-6667-6

Powered by Labrador CMS