Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Kommunane må følgje opp gode visjonar om likestilling, inkludering og mangfald i arbeidslivet med strategiar som set dei ut i livet, seier UiA-forskar Arnhild Leer-Helgesen.

Agder-kommunar treng strategi for å få flyktningar i arbeid

Når flyktningane først får tilbod om jobb, er det fordi enkeltpersonar i kommunane tar initiativ.

– Kommunane arbeider for lite strategisk med likestilling, inkludering og mangfald. Det vert opp til enkeltleiarar å få flyktningane i jobb, seier Arnhild Leer-Helgesen.

Ho er førsteamanuensis og forskar ved Universitetet i Agder (UiA).

Saman med Nina Jentoft, Migle Helmersen og Øyvind Hellang frå Norwegian Research Centre (Norce) leverte ho nyleg ein rapport om arbeidet med likestilling, inkludering og mangfald i Agder-kommunar.

­– Vår studie dreier seg om korleis flyktningar vert rekrutterte til arbeid i barnehage, skule, sjukeheim og andre arbeidsplassar i oppvekst- og helsesektoren, seier Leer-Helgesen.

Arnhild Leer-Helgesen er førsteamanuensis og forskar ved Universitetet i Agder.

Initiativrike sjefar treng tilsettingsstrategi

Rapport og studie er bestilt av KS Agder og er ein del av prosjektet Drømmejobben som dreier seg om rekruttering av arbeidskraft til kommunar i Noreg.

Men rapporten viser at det manglar system og strategiar i kommunane for å skaffe arbeid til flyktningane.

Når dei først får tilbod om jobb, er det fordi enkeltpersonar i kommunane tar initiativ.

Enkelte leiarar i kommunane gjer ein super innsats ifølgje forskaren.

– Det kan vere ein sjef i barnehagen eller på sjukeheimen som hjelper dei til å få ein jobb. Men det manglar eit system og ein overordna strategi for å få flyktningane i jobb.

– Tilsetjinga vert overlaten til enkeltpersonar og deira skjønn, seier Leer-Helgesen.

Treng meir kompetanse

At personar med flyktningbakgrunn ikkje får jobb, vert gjerne forklart med at dei manglar formell kompetanse, og ikkje er gode nok i norsk.

Studien viser derimot at det også kan skuldast mangel på kompetanse om likestilling, inkludering og mangfald hos leiarar og tilsette i kommunane.

– Ofte går ein litt for automatisk ut frå at flyktningar ikkje har utdanning.

– Andre gonger vert det opp til den enkelte leiaren å vurdere om den enkelte er god nok i norsk, utan at det finst skriftlege krav og standardar for dette i handbøker eller andre skriv om tilsetjingskrav hos kommunane, seier forskaren.

Forslag til tiltak

Eit hovudmål med studien har vore å føreslå tiltak som kan bidra til at fleire flyktningar får praksis og jobb i kommunane.

– Dette er viktig også fordi kommunane får bruk for meir arbeidskraft i utdannings- og helsesektoren i tida framover, seier Leer-Helgesen.

I tillegg til å etablere strategiar for å gjennomføre allereie nedfelte visjonar for mangfald i arbeidslivet, føreslår forskarane kompetansehevande tiltak både for flyktningane og dei tilsette i kommunane.

– Flyktningane må få tilbod om å skaffe seg formell kompetanse. Dei må få norskkompetanse som kvalifiserer dei til arbeidslivet, og dei må få lære om haldningar og verdiar som gir den kompetansen dei treng for å jobbe med barn i barnehage og skule i Noreg, seier Leer-Helgesen.

Ulikt syn på barn

Ho viser til at synet på barn, utdanning og danning i Noreg er nokså spesielt i verdssamanheng.

– Dette med å sitje på golvet og leike med barn er ikkje vanleg for alle kulturar. Vårt syn på kjønn, at gutar og jenter skal behandlast likt, er verdiar mange flyktningar må lære seg, seier ho.

Samtidig understrekar Leer-Helgesen at også leiarane i kommunane treng meir kompetanse både om eit mangfaldig arbeidsliv og om kultur og verdiar frå dei landa flyktningane kjem frå.

– Poenget må vere at subjektive oppfatningar og magekjensla på kva som til dømes er godt norsk, ikkje kan vere avgjerande for om flyktningane får seg jobb, seier ho.

Har studert to kommunar

Forskinga bak rapporten har vore eit samskapingsprosjekt mellom KS Agder, utvalde kommunar i Agder, Norce og UiA.

Opplegget for forskinga har partnarane kome fram til i fellesskap, mens UiA og Norce har gjennomført forskinga og skrive rapporten.

Forskarane har utført ein casestudie frå dei to Agder-kommunane Arendal og Kvinesdal.

Dei har gjennomført individuelle intervju med ni flyktningar som har fått jobb i desse kommunane og med leiarar og tillitsvalde i helse- og omsorgssektoren i kommunane. I tillegg har dei gjennomført gruppeintervju.

Forskarane har også gjennomført ei spørjeundersøking blant personalsjefar i fire fylke og studert dokumenta til kommunane om likestilling, inkludering og mangfald.

Referanse:

Nina Jentoft mfl.: Rekruttering av flyktninger. Arbeides det for lite med likestilling, inkludering og mangfold i Agder-kommunene som arbeidsgivere? FOU RAPPORT 16 – 2020 NORCE Samfunn.

Powered by Labrador CMS