Denne artikkelen er produsert og finansiert av De regionale forskningsfondene - les mer.

Håp om omstilling finst i regionar med einsidig næringsliv. Kunnskapen om å bygge oljeplattformar i Stavanger-regionen har for eksempel overføringsverdi til arkitektur.

Slik kan næringslivet lukkast med grøn omstilling

Bedrifter som får til grøn omstilling er prega av open bedriftskultur og evne til å hente inspirasjon og kunnskap frå andre.

For små og mellomstore bedrifter er det gunstig å prøve seg på nye marknader. Sjansen for å lukkast er størst i bransjar nært beslekta med dei ein allereie er i.

Risikovilje og vilje til å hente kunnskap frå andre er nøklar til å lukkast med grøn omstilling.

Dette er sentrale funn frå fersk forsking på næringslivet på Vestlandet, som vart råka midtskips av oljekrisa i 2014. Forskarane ville blant anna finne ut korleis oljeprisfallet påverka omstilling og innovasjon i bedriftene.

I ein region som er så oljeavhengig som Vestlandet går omstillingstakta opp når oljeprisen går ned. Sånn sett kan ein håpe at oljeprisen ikkje når gamle høgder igjen; det kan vere til hinder for å nå politiske mål om grøn omstilling i regionen, seier professor Stig-Erik Jakobsen.

Jakobsen er professor i innovasjonsstudiar ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet. Dei siste tre åra har han leia forskingsprosjektet Drivers of economic restructuring.

Stig-Erik Jakobsen er professor i innovasjonsstudiar ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet.

Dei opne og kunnskapshungrige innoverer

Forskarane har undersøkt 1200 bedrifter i Noreg for å finne fellestrekka mellom dei som hadde gjennomført grøne innovasjonar i løpet av dei tre siste åra.

Dette kan vere enten produktinnovasjonar der ein lagar nye produkt som gir ein miljøgevinst for brukarane eller prosessinnovasjonar som gjer at sjølve produksjonen vert meir miljøvennleg.

– Sentrale kjenneteikn var ein open og endringsorientert bedriftskultur, internasjonalt samarbeid som gav ny kunnskap og vilje og evne til å hente inspirasjon frå andre bransjar.

– Naturleg nok var det også ein fordel å ha god økonomi i utgangspunktet. Det var vel Erna Solberg som sa at det er vanskeleg å få til grøn omstilling med raud botnlinje, seier Jakobsen.

Bedrifter på Vestlandet hadde i litt større grad enn elles i landet gjennomført grøne produktinnovasjonar etter oljekrisa.

For grøne prosessinnovasjonar var biletet motsett.

– Skilnadene mellom Vestlandet og resten av landet var ikkje store, men tala tyder på eit behov for å orientere seg mot nye moglegheiter her vest.

– Dei som driv med grøn produktinnovasjon er gjerne moglegheitsorienterte, medan prosessinnovasjon er meir driven av ei ansvarsorientering der ein produserer det same som før, men på ein meir miljøvennleg måte, seier Jakobsen.

Må eksperimentere og ta risiko

Kva kan så politikarane bidra med for å støtte grøn omstilling i næringslivet? Ikkje så reint lite skal vi tru Jakobsen.

– Bedrifter som vil innovere og prøve seg i nye bransjar, må nødvendigvis eksperimentere og ta risiko. Eg trur politikarane må vere villige til å eksperimentere med verkemidla også. I tillegg må dei bidra til å skape nye grøne marknader, slik dei for så vidt gjer i dag med anbodspolitikken for ferjetrafikken og med planlagt milliardstøtte til karbonfangst og -lagring, seier han.

Jakobsen meiner vidare at politikarane kan legge til rette for at teknologi, innsikt og rammer frå olje- og gassnæringa kan brukast i nye bransjar.

– Og så må det vere samanheng mellom politikken regionalt og nasjonalt. Viss Vestland fylke jobbar for eit nullutsleppssamfunn, kan ikkje staten samtidig dele ut ei rekke nye leitelisensar for olje og gass, meiner han.

– Det er lettast å lukkast med omstilling når ein går inn i kunnskapsmessig beslekta bransjar, seier professor Rune Dahl Fitjar.

Lure vegar til smart spesialisering

Forskarane har også sett på korleis ein kan legge til rette for såkalla smart spesialisering på Vestlandet. Dette er EU, OECD og den norske regjeringas tilrådde politikk for regional vekst og utvikling .

Regionane har ulike moglegheiter og føresetnader for næringsutvikling, og smart spesialisering handlar om å utnytte skilnadene og skreddarsy næringspolitikk tilpassa kvar enkelt region.

Professor Rune Dahl Fitjar, førsteamanuensis Silje Haus Reve og professor Tom Brökel ved Universitetet i Stavanger har gjort omfattande analysar av næringsmønsteret på Vestlandet.

Ikkje berre i landsdelen som heilskap, men også i naturleg avgrensa arbeidsmarknader som blant anna Sogn, Dalane, Bergens-regionen, Stavanger-regionen og Haugalandet.

– Vi har kartlagt næringslivet og identifisert koplingar mellom ulike næringar. Målet har vore å identifisere naturlege satsingsområde som er nært beslekta med eksisterande næringar.

– Forskinga støttar oss i at det er lettast å lukkast med omstilling når ein går inn i kunnskapsmessig beslekta bransjar, seier Fitjar.

For eksempel kan sensorteknologi frå olje- og gassnæringa ha stor relevans i utvikling av teknologi for miljøovervaking for havbruksnæringa.

Dei som lagar tradisjonelle framdriftssystem for båtar, kan gå over til batteriteknologi.

Klare skilnader mellom Vestland og Rogaland

– I Rogaland er dei aller fleste av bransjane nært kopla til olje og gass eller til leverandørnæringa for oljeindustrien. Det betyr at Rogaland i ei omstilling i større grad må gå inn i næringar som er mindre beslekta med dei rogalendingane allereie er gode i, fortel professoren.

Næringslivet i Vestland fylke er meir mangfaldig, med fleire mindre næringar i sjøfart, fiske og havbruk.

«Omstillingshåp» finst likevel også i regionar med einsidig næringsliv.

Stavanger-regionen sin kunnskap om å bygge oljeplattformer har for eksempel overføringsverdi til arkitektur. Og kompetansen sunnhordlendingane har om båtbygging, kan brukast i konstruksjon av bruer og tunellar eller i elektrisk installasjonsarbeid.

– Hovudmålet vårt er å bidra til ein meir kunnskapsbasert diskusjon om næringsutvikling og omstilling. Eg trur at slike diskusjonar har vore mykje basert på magekjensle og omsorg for hjartebarn.

– No har vi god oversikt over korleis næringslivet på Vestlandet ser ut og eit godt bilete av kva satsingar det er mest sannsynleg at ein kan lukkast med.

– Vi sit sjølvsagt ikkje på nokon fasit. Dette er eit bilete av korleis ting ser ut no. Det kan heilt klart tenkjast at det blir gjort kreative koplingar mellom næringar som ligg langt frå kvarandre eller at ein finn opp nye næringar som ikkje finst i dag, understrekar Fitjar.

Kaya Haugland Færøvik er stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet.

Gunstig for dei små å teste nye bransjar

For små og mellomstore bedrifter – som utgjer 99 prosent av alle bedrifter i Noreg – er det gunstig å gå inn i nye bransjar.

– Eg har sett på bedrifter som har gjennomført sal på ein annan marknad enn sin opphavlege i løpet av åra 2015–2018. Å innovere på tvers gav mange positive effektar, seier Kaya Haugland Færøvik, stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet.

Heile 62 prosent av bedriftene som hadde prøvd seg på nye jaktmarker, fekk fleire tilsette. Mange opplevde vekst gjennom oppkjøp eller fusjonar, og nokre etablerte nye såkalla spin off-selskap.

Så mykje som 11 prosent bytte beite og fekk ny hovudmarknad for verksemda.

– Ein annan tydeleg effekt var kostnadsreduksjonar. Å innovere legg beslag på ressursar, og for å styrke konkurransekrafta må ein redusere kostnadene og drive meir effektivt.

– Tala tyder på at mange lukkast med det, seier Færøvik, som også fortel at dei positive effektane av å bryte bransjegrenser var generelle og ikkje knytt til spesielle næringar.

– Hittil har det vore mykje fokus på innovasjon i den enkelte bransje, men forskinga viser at det er viktig å legge til rette for innovasjon på tvers. Heldigvis ser vi eksempel på at dette blir betre, for eksempel i innrettninga av næringsklynger, seier Færøvik.

Ho viser blant anna til klyngeorganisasjonen GCE Ocean Technology, som tidlegare heitte GCE Subsea. Dei rettar seg i dag mot havteknologi generelt, etter før å ha arbeidt hovudsakleg med undervassteknologi.

Referansar:

Stig-Erik Jakobsen mfl.: På den grønne eng – hvilke bedrifter introduserer grønne innovasjoner? Kapittel i boka Berekraftig verdiskaping på Fagbokforlaget, 2020. (Samandrag av bok)

Rune Njøs mfl.: Expanding path creation analyses: Interconnections between territory and technology. Economic Geography, 2020. Doi.org/10.1080/00130095.2020.1756768

Svein Gunnar Sjøtun og Rune Njøs: Green reorientation of clusters and the role of policy: the normative and the neutral route. European Planning Studies, 2019. Sammendrag Doi.org/10.1080/09654313.2019.1630370

Drivers of regional economic restructuring

  • Treårig forskingsprosjekt om drivarar og hinder for omstilling i næringslivet på Vestlandet.
  • Leia av professor Stig Erik Jakobsen ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet.
  • Senter for innovasjonsforskning ved Universitetet i Stavanger, NORCE, Universiteit Utrecht (Nederland), Queensland University of Technology (Australia), London School of Economics og University of Manchester har vore med på forskinga.
  • Regionalt forskingsfond Vestlandet (som i dag er delt i RFF Vestland og RFF Rogaland) støtta prosjektet med fem millionar kroner.
  • Ein presentasjon av næringane i dei ulike arbeidsmarknadene på Vestlandet finn du her.


Powered by Labrador CMS