Papyrus-fragment frå Oxyrhynchus-samlinga.

Bibelforsking anno 2020: Forfalskingar og svindel

For dei som arbeider med dei tidlegaste spora etter Bibelen har denne våren handla mykje om langfingra oxford-professorar, krigsplyndring og propagandaarbeidet til konservativt kristne milliardærar.

«Nei, det er ikkje som Indiana Jones» brukar eg å seie til familie og vener når eg fortel om arbeidet mitt med amulettar og anna arkeologisk materiale frå Midtausten. Så kom det i vår, nok ein gong, stadfesting på at røynda overgår kunsten, med avsløringar omkring museum og forsking på gamle handskrifter som er ein spenningsfilm verdig.

I mars vart Dirk Obbink, professor ved Oxford og anerkjend papyrolog, arrestert for å ha stole viktige, og verdifulle, papyrus-fragment frå Oxyrhynchus-samlinga som han var sett til å forvalte. Obbink nekter for å ha gjort noko av det han er skulda for. Somme av desse skal ha blitt selde til Museum of the Bible i Washington D.C., eit nytt, ambisiøst museums- og samlingsprosjekt eigd av den styrtrike Green-familien. Dette museet har som uttalt føremål å fremme Bibelen og bibelske verdiar i USA, og Green-familien har lenge vore engasjerte i å løfte fram (konservative) kristne verdiar i det amerikanske samfunnet.

Det same museet kunngjorde i mars at alle fragmenta deira frå dei såkalla Dødehavsrullane, viktige som dei eldste overlevande versjonane av mange bibeltekstar, er moderne forfalskingar. Dei sende òg ut melding om at dei skal returnere 11 500 gjenstandar til Irak eller Egypt, fordi det er mistenkt at desse er ført ulovleg ut av landa og kan ha blitt plyndra frå arkeologiske funnstadar (sjå kjelder og vidare lesing i lenkene under). Overraska over at det går an? Du er ikkje åleine.

Kriminalitet og propaganda

Det er ulovleg å føre oldsaker og kulturgjenstandar ut frå landa dei høyrer heime i, med mindre ein har fått særskilt lov. Interessa for historisk materiale frå land som Egypt og Irak er samstundes stor, og ulovleg eksport og import herifrå har gått føre seg lenge. Likeins plyndring eller ulovleg utgraving av arkeologiske funnstader. Eit like velkjend fenomen er forfalsking av slike gjenstandar, og det vore ei stadig aukande merksemd knytt til gamle handskrifter og bibelfragment etter at universitet og samlingar eigd av rike, evangelikale kristne i USA byrja kjøpe slike for ti år sidan. Mellom andre Green-familien og Museum of the Bible.

No er der ikkje (enda?) oppdaga nazistiske verdskonspirasjonar eller utanomjordiske vesen bak denne verksemda, slik det (spoiler alert!) er i Indiana Jones-filmane, men konsekvensane kan likevel vere store. Oldsaker blir auksjonerte bort for millionar av dollar, og dette skapar ein marknad både for tjuvgods, plyndra gjenstandar og forfalska materiale. Arkeologiske funnstadar vert raserte av folk på leit etter ting dei kan selje, og mykje kunnskap om fortida går dermed tapt. Som anna ulovleg materiale følgjer oldsaker smuglarruter og går inn i kriminelle nettverk, og salsverdien understøttar dermed organisert kriminalitet. Mange har òg kritisert Museum of the Bible for å bruke samlinga si for å fremme evangelikalsk kristendom, sosialt og politisk (t.d The Atlantic).

Museum of the Bible, i Washington D.C.

Norske fagmiljø i front

Sjølv om både plyndring, smugling og svindel med arkeologiske gjenstandar har gått føre seg lenge, har det dei siste fem til ti åra byrja å få mykje meir merksemd enn tidlegare, både blant forskarar og i det offentlege ordskiftet. Stadig fleire som arbeider med oldsaker eller kulturgjenstandar er no opptekne av eller tvungne til å tenkje på kor gjenstandane kjem frå og korleis dei kom hit.

Her er faktisk norske forskingsmiljø blant dei som står i front på dette globalt. Både noverande kollegaer ved Universitetet i Agder (The lying pen of scribes) og tidlegare kollegaer ved MF vitskaplege høgskule (Variant readings) (MOVE) er viktige bidragsytarar i arbeidet med å spore, kartlegge og rette merksemd mot alt som har gått og går føre seg av ulovleg og uetisk handel og vandel knytt til oldsaker og kulturgjenstandar.

Arrestasjonen av Obbink var for mange eit sjokk, men fleire håpar det kan vere eit viktig vasskilje og signal om at fagfelt og museum må skjerpe seg når det gjeld opphavet til oldsaker og kulturgjenstandar.

Powered by Labrador CMS