Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Borken på Ficus platyphylla vert brukt mot ei rekkje plager.

Bork frå medisintre kan virke mot sjukdom

Eit vestafrikansk treslag har tradisjonelt blitt brukt mot ei lang rekkje sjukdommar. Då forskarane undersøkte kva borken inneheldt, fann dei fleire stoff som kan forklara kvifor.

Ficus platyphylla har ikkje noko norsk namn, men nettstaden Global Plants listar opp ei rekkje namn på engelsk og andre språk. Men dette treet har ikkje berre mange namn, det har òg mange bruksområde.

– Psykosar, søvnløyse, smerter, epilepsi, malaria, tuberkulose, anemi, diaré og slangebit. Dette er berre nokre av dei lidingane lokale healerar har brukt Ficus platyphylla mot, fortel professor emeritus Karl Egil Malterud.

Saman med kollegaer ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo har han i mange år hatt eit samarbeid med forskarar i Mali om lokale medisinplantar.

Ficus platyphylla er på si side eit tre i slekt med fiken og har frukt som kan etast. Det var dei maliske forskarane som foreslo å granska borken av treet med dei mange bruksområda.

Kan verka mot nokre plager

Plantematerialet vart send frå Mali til Oslo, og masterstudenten Stanislava Stevanovic gjorde undersøkingane under rettleiing av Malterud og kollega Helle Wangensteen.

– Fordi treet vert brukt mot så mange ulike sjukdommar og problem, er det gjort ein del forsøk med rotter og mus om verknadane.

– Når ein og same medisin verkar på mange ulike sjukdomar, bør ein vera på vakt mot placebo-effekten. Men desse forskingsfunna kan tyda på at borken kan verka mot i alle fall nokre av dei plagene han vert brukt mot, seier Malterud.

Kognitiv svekking

– I dei tidlegare forsøka vart det mest brukt ekstraktar frå treet. Me gjekk eitt steg vidare og analyserte kva kjemiske stoff borken inneheld. Me fann fleire stoff som ikkje er kjent tidlegare i denne planten, sjølv om dei er kjende frå andre plantar. Å finne ut kva for stoff som finst i ein plante, er viktig for å forstå korleis planten verkar.

Og rett nok: Det viste seg at borken inneheldt stoff som tidlegare er vist å ha betennelsesdempande verknad i dyreforsøk.

Dei fann òg stoff som ut frå tidlegare rapportar kan sjå ut til å hjelpa mot nokre nevrologiske lidingar og kognitiv svekking, den alderdomssvekkinga som dei fleste av oss møter om vi lever lenge nok.

Det var rett nok berre i dyreforsøk og i laboratorieforsøk.

– Me er langt frå å ha dokumentert nokon effekt på den menneskelege organismen, seier Karl Egil Malterud.

– Så det er viktig å understreka at me er langt frå å ha dokumentert nokon effekt på den menneskelege organismen. Forsøka med ekstrakt er gjorde på gnagarar, og forsøka våre er gjorde i system utan celler i laboratoriet, det som heiter in vitro.

Samarbeid med lokale healerar

Det er lite truleg at denne forskinga har særleg kommersielt potensial. Det kan kosta milliardar å utvikla eit nytt legemiddel, og det finst alt medisinar på marknaden mot lidingane som Ficus platyphylla hjelper mot.

Men om kunnskapen kan førast tilbake til healerane og gje dei betre grunnlag for behandling, kan han likevel vere til nytte.

Konvensjonen om biologisk mangfald, som Noreg har slutta seg til, seier at vertslanda har krav på sin del av utbytet når nye legemiddel vert utvikla av plantar frå deira område. Men vert ikkje legemidla utvikla, vert det heller ikkje noko utbyte å dela.

– Men Mali har eit eige Institutt for tradisjonell medisin, som arbeider med å dokumentera effekten av tradisjonelle legemiddel og ikkje minst kvalitetssikra dei, seier Karl Egil Malterud.

– Instituttet samarbeider med lokale healerar som er interesserte i ny kunnskap om medisinane dei har så lange tradisjonar med å bruka, seier han.

Referanse:

Stanislava Stevanovic: Isolering og karakterisering av bioaktive forbindelser fra Ficus platyphylla, en afrikansk medisinplante. Masteroppgave UiO, 2019.

Powered by Labrador CMS